SOLGT

Peugeot Partner

1,9 D LAV KM Leveres EU-godkjent

Totalpris 29 900 kr
Modellår
2004
Kilometer
117 754 km
Girkasse
Manuell
Drivstoff
Diesel

Beskrivelse

Velhalden og fin varebil med komplett servicehistorikk. Ypperleg som nr to bil eller til deg som treng litt ekstra plass. Bilen vert levert eu-godkjend og registerreim, vannpumpe og multireim er sist bytta på merkeverkstad 4/12-14 på 107142 km. Her kan du sikra deg ein driftssikker og god bil til ein rimeleg penge.

Bilen er klar for salg og står utstilt i vår bruktbilavdeling som har inngong like ved Heiane Storsenter (Coop Extra). Her hjå oss finn du eit godt utval av brukte bilar i ulike prisklassar og som dekkar dei fleste behov.

Me oppmodar våre kundar i den grad det er mogeleg til å kontakta oss anten på e-post eller telefon for å gjera ein avtale om tidspunkt for visning. Me er fleksible når det gjed tidspunkt og me legg dette opp slik det passar best for deg.

GARANTI
Denne bilen vert levert i eu-godkjend stand, men utan vidare garanti. Siste service utført 31/7-16 på 117321 km. Det føl kun med eit hjulsett til bilen som avbilda (m+s dekk).

FINANSIERING
Me ordnar finansiering av bilen ut frå dine ynskjer og behov frå kr 0,- kontant og med fleksibel nedbetalingstid (inntil 10 år).

FORSIKRING
Forsikring til svært gode prisar og med marknadens beste dekning kan me og tilby gjennom våre ulike solide og erfarne samarbeidspartnarar innan forsikring.

Ynskjer du ein totalpakke på finansiering og forsikring kan me tilby dette i ein pakke frå Gjensidige. Dermed får du eit samla tilbod på både forsikring og finansiering av bilen og har full oversikt over kva dette vil kosta deg pr mnd.

Me ordnar meir enn gjerne alt dette for deg medan du ventar slik at du ikkje treng bruka ekstra tid på å innhenta ulike tilbod.

TRYGGHET
Heiane Bil AS har vore forhandlar av både ny- og bruktbil sidan 1984.
Me garanterer sjølvsagt at alle bilar me sel er fri for økonomiske hefte av noko slag. Dersom det er registrert pant i bilen vil dette vera sletta før levering til kunde.

TRANSPORT
Treng du transport av bilen kan me og ordna dette for deg over heile landet etter nærare avtale.

HER FINN DU OSS
Du finn oss sentralt plassert på Heiane industriområde på Stord. Nybilavdeling og verkstad finn du tvers over for Dekkservice og bruktbilavdelinga finn du i andre enden like ved Heiane Storsenter.
Kjem du tilreisande henter me deg meir enn gjerne på lokal flyplass, buss- eller båtterminal eller møter deg etter avtale

KONTAKT
Du når oss både på e-post, via kontaktskjema i annonsene og på mobil utanom opningstidene våre.

Ta gjerne ein kikk på vårt øvrige bruktbilutval og kontakt oss gjerne dersom du har ein bestemt bil i kikkerten slik at me kan ta kontakt med deg dersom noko tilsvarande det du ynskjer kjem inn for salg.

Heiane Bil AS er autorisert forhandlar av Opel, Suzuki og Isuzu og har autorisert bilverkstad der me tek imot alle merke.

Opningstider Bruktbilavdeling:
Måndag - onsdag kl 10.00 - 16.30
Torsdag kl 10.00 - 18.00
Fredag kl 10.00 - 16.30
Laurdag: kl 10.00 - 14.00

Velkommen til oss på Heiane Bil AS for ein hyggjeleg og trygg bilhandel!

**Stord er nabokommune med Fitjar, Bømlo, Sveio, Kvinnherad og Tysnes og ligg midt mellom Stavanger og Bergen samt kun ein times tid frå Haugesund/Karmøy. Stord har i tillegg direktefly frå Oslo og ellers gode forbindelsar både med buss og snøggbåt. **

***Atterhald om feil i annonsetekst***

KJØP - SALG - INNBYTTE - FINANSIERING & FORSIKRING

Spesifikasjoner

Omregistrering
1 025 kr (avgifter)
Pris eks omreg
28 875 kr
Årsavgift
Les mer
1. gang registrert
22.12.2004
Vedlikehold
Servicehistorikk
Farge
Sølv
Fargebeskrivelse
Sølv metallic
Hjuldrift
Forhjulsdrift
Effekt
69 Hk
Sylindervolum
1,9 l
Vekt
1 185 kg
Antall seter
2
Karosseri
Stasjonsvogn
Antall dører
4
Bilen står i
Norge
Salgsform
Bruktbil til salgs
Avgiftsklasse
Varebil
Reg.nr.
SD24678
Chassis nr. (VIN)
VF3GCWJYB96122783

Utstyr

  • Dobble dører bak
  • Hengerfeste
  • Høydejusterbart ratt
  • Kollisjonsputer
  • Lyktespylere
  • Metallic lakk
  • Oppvarmet speil
  • Radio/cd spiller
  • Sentrallås
  • Servostyring
  • Startsperre
  • Tonede ruter
  • Varme i seter

Reklamasjonsrett ved kjøp fra forhandler

Normalt gjelder 5 års reklamasjonsrett mot skjulte feil og mangler fra overlevering av produktet. Reklamasjonsretten brukes hvis produktet er i dårligere stand enn du hadde grunn til å forvente, basert på informasjonen du har fått fra selger. Reklamasjonsretten kan være begrenset hvis forhandleren har forretningssted utenfor Norge.

Les mer om reklamasjonsrett på FINNs hjelpesenter.

Rundehaugen 9, 5412 Stord

Annonseinformasjon

FINN-kode 81762565
Sist endret 8. sep. 2016 11:44
Referanse VF3GCWJYB96122783

Rapporter annonse

Annonsen kan være mangelfull. Fullstendig salgsinformasjon og opplysninger iht. opplysningsplikt kan fås direkte fra selger.