Utløpt

Metocean spesialist

Arbeidsgiver
Statens vegvesen Region vest
Stillingstittel
Metocean spesialist
Frist
05.04.2016
Ansettelsesform
Fast

Vi skal bygge bruer som verda aldri før har sett. Vil du vere med?  

Fjordkryssingsprosjektet i Ferjefri E39 søker no etter ein metocean spesialist.

Fjordkryssingsprosjektet er Statens vegvesen si særskilde eining  for utvikling av brukonsept for ekstreme fjordkryssingar. Vi jobbar blant anna med utvikling av ulike rørbru- og flytebrukonsept for kryssing av Bjørnafjorden og Sulafjorden. Etter kvart står òg dei andre fjordane langs E39 står for tur. Dette er breie og djupe fjordar, og vi står ovanfor utfordringar som Noreg ikkje har hatt sidan utviklinga av industrien i Nordsjøen. Vi trur at det er mogleg å ta med seg erfaringar som er opparbeida offshore til arbeidet med bruene vi no skal bygge.

I Fjordkryssingsprosjektet er vi allereie 25 personar som jobbar med prosjektet på fulltid. Av desse er ti i Stavanger, to i Bergen og tre i Leikanger. Vi har òg medarbeidarar i Oslo, Skien, Molde, Trondheim og Hamar. Arbeidsstad for denne stillinga er fortrinnsvis i Stavanger.

Ansvar og arbeidsoppgåver I arbeidet med kryssing av fjordar langs E39 vil det være aktuelt med brukonstruksjonar som i langt større grad enn tidlegare vert påverka av miljølaster som bølger og strøm. Vi vil at du skal vere med oss å leie arbeidet med utarbeiding av miljødatagrunnlag, med hovudfokus på vind, bølger og strøm for Bjørnafjorden og andre fjordar langs E39.

Ansvar og arbeidsoppgåver

  • Leie faggruppa som arbeider med å utvikle miljødatagrunnlag (MetOcean-Spec) i Fjordkryssingsprosjektet (2-3 medarbeidarar)
  • Ansvar for fagleg utvikling av medarbeidarar som jobbar med miljødata
  • Fagleg og kontraktsmessig oppfølging av relevante konsulentoppdrag
  • Fagleg og kontraktsmessig oppfølging av målingar
  • Følge opp eksisterande og sette i gang nye FoU-prosjekt knytt til miljødata i fjordar langs E39
  • Samhandle med resten av Fjordkryssingsprosjektet

Vi treng også at du er med på å utvikle strategiar for vidare arbeid og framdrift. Det er viktig for oss å spre den nye kunnskapen vi jobbar fram.

Dersom du blir med oss, vil du samarbeide med svært dyktige fagfolk frå inn- og utland, i og utanfor Vegvesenet. Du har unike muligheiter til å utvikle fagkompetansen din og til å påverke fagmiljøet. Vi samarbeider med universiteta NTNU, Chalmers og UiS om forskingsprosjekt, og vi er opne for å tenke PhD saman med deg om du ynskjer det.

Vi søkjer deg med

  • mastergrad eller doktorgrad innan marinteknikk, oseanografi, meteorologi eller anna relevant fagfelt
  • minimum 15 år relevant erfaring
  • erfaring med, eller god kjennskap til, målingar av bølgje, vind og strømforhold
  • erfaring med, eller god kjennskap til, simuleringar av bølgje, vind og strømforhold
  • erfaring med å leie team/prosjekt

Vi legg vekt på at du

  • har erfaring med å utarbeide metocean spesifikasjonar eller liknande grunnlagsdokument
  • er initiativrik og sjølvdriven i arbeidet
  • engasjerar og skaper entusiasme blant kollegaene dine
  • har evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og strukturert
  • har høve til å kunne reise i jobben
  • har god munnleg og skriftleg uttrykksform, både på norsk og engelsk

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll
  • høve til vidareutdanning
  • gode velferdsordningar som trim, bedriftsidrett, hytteleie og sosiale treff

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

 

 

Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 4, 4010 Stavanger
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Mathias Egeland Eidem
Telefon
92 21 34 46
Følg firma
447 følger dette firmaet

Askedalen 4, 4010 Stavanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 72772383
Sist endret 18. mar. 2016 08:26

Rapporter annonse