Utløpt

Forskingskonsulent (seniorkonsulent)

Arbeidsgiver
Det samfunnsvitskaplege fakultet, Psykologisk institutt
Stillingstittel
Forskingskonsulent (seniorkonsulent)
Frist
30.08.2016
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Oslo

 

Psykologisk institutt har ledig ei fast stilling som forskingskonsulen/seniorkonsulent (SKO 1363). Stillinga inngår i instituttet sin administrasjon og vil være ein del av eit team på fem personer som jobbar med ulike former for støtte til forskarane ved instituttet, knytt til deira forskingsverksemd. I tillegg deltek stillingsinnehavaren i det forskingsadministrative nettverket ved Det samfunnsvitskaplege fakultet (FANE-nettverket). Instituttet har dei siste åra hatt ein stor vekst i omfanget av eksternt finansierte forskingsprosjekt, og dette er også eit prioritert område hos instituttleiinga.

Arbeidsoppgåver:

  • Den som vert tilsett får ansvaret for administrativ oppfølging av nokre av instituttet sine eksternfinansierte forskingsprosjekt, som i hovudsak kjem frå Norges forskningsråd (NFR), men også frå EU og nokre andre mindre finansiørar. Dette inneber koordinering og oppfølging av prosjekt, inkludert kontraktsinngåing, planlegging av prosjektgjennomføring, tilsetting av forskarar på prosjekta og rapportering.
  • Videreutvikling av instituttet sine nettsider om forskingsverksemda ved instituttet
  • Videreutvikling og koordinering av instituttet sitt system for bruk av labassistentar og vitskaplege assistentar
  • Arrangere konferanser og seminar.

Andre oppgåver kan også bli lagt til stillinga.

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, tilsvarande mastergrad. Dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.
  • Relevant erfaring frå forskingsadministrasjon.
  • Erfaring med forvaltning av prosjekt finansiert av NFR, eventuelt også EU.
  • God kjennskap til og interesse for faget psykologi.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
  • Kompetanse som kan vere ein fordel:
    • Kjennskap til budsjettering og rekneskap av forskingsprosjekt
    • Kjennskap til og erfaring med tilsettingsprosessar for vitskaplege tilsette

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper
  • har evne til å koordinere andre, og kan handtere mange og ulike oppgåver i eit hektisk miljø
  • tek ansvar og kan jobbe sjølvstendig, systematisk og effektivt
  • kan syne engasjement og initiativ
  • har evne til å drive prosessar framover
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø

 

Vi tilbyr

  • eit hyggeleg arbeidsmiljø og utfordrande arbeidsoppgåver
  • eit fagleg stimulerande miljø
  • løn etter lønssteg 54 - 60 (462 000 - 516 000) per år avhengig av kompetanse
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd
  • Gode velferdsordningar

 

Den elektroniske søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev med skildring av relevant bakgrunn og jobberfaring
  • CV
  • kopi av attestar og vitnemål

 

Universitetet i Oslo har ein overtakingsavtale for alle tilsette, med formål å sikre rettane til resultat av arbeid m.m.

Som statleg institusjon har vi eit personalpolitisk mål om å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad og å rekruttere personar med etnisk minoritetsbakgrunn.

Ifølge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentlege søkjarlista.

 

 

 

Om arbeidsgiveren

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidd og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Psykologisk institutt er det eldste psykologiske instituttet i Noreg. Forskinga ved instituttet er internasjonalt retta med fleire internasjonale samarbeidsprosjekt, og speglar psykologien sitt mangfald og kontaktflate med andre vitskaplege disiplinar, i medisin, humaniora og samfunnsfag. Studietilbodet i psykologi omfattar profesjonsstudiet i psykologi, samt eit bachelor- og mastergradsprogram. I tillegg har instituttet ei forskarutdanning (Ph.D.-grad) med 140 registrerte kandidatar.
Instituttet har ein stab på 60 fast vitskapleg tilsette, ca. 50 stipendiatar og postdoktorar, og ein teknisk/administrativ stab på 22 personar.

Sektor
Offentlig
Sted
0316 Oslo
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kontorsjef Birgitte Bøgh-Olsen
Telefon
22 84 51 04
Kontaktperson
Personalkonsulent Frøydis Gjerpe Bekkedal (kun ved spørsmål om elektronisk søknad)
Telefon
22 84 51 18
Følg firma
3811 følger dette firmaet

0316 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 80292051
Sist endret 8. aug. 2016 13:32

Rapporter annonse