Førstekonsulent (studiekonsulent)
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- Førstekonsulent (studiekonsulent)
- Frist
- 03.09.2016
- Ansettelsesform
- Fast
Ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, felles studieadministrasjon ved Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2, er det ledig ei fast 100 % stilling som førstekonsulent (studiekonsulent) med tilsetjing snarast mogleg.
Arbeidsoppgåver
Den som vert tilsett vert del av eit team på 9 personar i felles studieadministrasjon på Klinisk institutt 1 og 2, og vil arbeide med å leggje til rette for god undervisning for medisin-, ernæring- og farmasistudentar. Det er samarbeid med forelesarar, studenttillitsvalde og studentkull, og med Haukeland Universitetssjukehus i høve til undervisning som vert gjeven der.
Studiekonsulenten vil og samarbeide med fakultetet sin studieadministrasjon og dei andre institutta ved fakultetet. Konkret vil arbeidsoppgåvene mellom anna omfatte studieadministrasjon av kliniske emne, timeplanlegging, eksamens- og evalueringsarbeid. Andre prosjektbaserte oppgåver kan og verte aktuelle.
Søkjar vil bli tilsett ved Klinisk institutt 2.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til studiekoordinator Tore Lillebø, e-post tore.lillebo@uib.no, telefon 55 97 30 63.
Kvalifikasjonar
Relevant mastergrad eller minst utdanning på bachelornivå. Alternativt tilsvarande utdanning tilpassa oppgåvene i stillinga. Tilsvarande kvalifikasjonar kan ein oppnå gjennom lang og allsidig praksis saman med relevant etter- og vidareutdanning.
Kjennskap til og røynsle frå universitetssystemet og offentleg forvalting samt god administrativ IT-kompetanse.
Interesse for og røynsle frå relevant studieadministrativt arbeid, samt røynsle med dei fellessystema som UiB nyttar til studieadministrasjon (FS, Mi side, ePhorte, Syllabus og andre) blir lagt vekt på.
Kjennskap til medisin-, farmasi, og/eller ernæringsstudiet og studieadministrasjon av kliniske emne er ein føremon.
Må kunne bruka båe målføre, samt munnleg og skriftleg engelsk.
Personlege eigenskapar
sjølvstendig, effektiv, strukturert, nøyaktig og pliktoppfyllande
serviceinnstilt, like å arbeide med studentar og kunne samarbeide med det vitskaplege personalet i eit spanande og allsidig medisinsk forskingsmiljø, og eit hektisk og travelt universitetsmiljø
evne til å halde oversikta over ei stor mengde informasjon og samstundes ivareta detaljane
gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
evne til problemløysing og initiativ til nye måtar å løyse arbeidsoppgåvene på, både for deg sjølv og for studieadministrasjonen
Ved vurderinga vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte
for stillinga.
Vi kan tilby
Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet
med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
Fleksibel arbeidstid og pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
Stillinga vert lønt i lønssteg 45-50 etter tenesteansiennitet (kode 1408/LR21) for søkjar med utdanning på bachelornivå. Søkjar med mastergrad vert lønt i lønssteg 47-53 (kode 1408/LR21) etter tenesteansiennitet. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
Gode velferdsordningar.
Du kan lese meir om kva UiB kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:
http://www.uib.no/poa/karriere-ved-uib
Om rekruttering i statlege stillingar
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med nedsett funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Nærare om tilsettingsprosessen her:http://www.uib.no/poa/74251/tilsettingsprosessen
Søknad
Send søknad elektronisk via lenkja Søk stillingen på denne sida.
Søknaden skal innehalde:
søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og
kvifor du passar til stillinga
oversikt over utdanning og arbeidsrøynsle (cv)
attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.
Søknadar på e-post vil ikkje verte vurderte.
Om arbeidsgiveren
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Christiesgt. 18, 5020 Bergen
- Bransje
- Forskning, utdanning og vitenskap,
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Kontor og administrasjon