Utløpt

Ledig stipendiatstilling innan matematikkdidaktikk

Arbeidsgiver
Høgskulen i Sogn og Fjordane
Stillingstittel
Stipendiat
Frist
09.10.2016
Ansettelsesform
Engasjement

Ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, avdeling for lærarutdanning og idrett, er det ledig ei stipendiatstilling innan matematikkdidaktikk frå 01.01.2017. Stipendiatstillinga skal arbeide med forskingsområder som er relevant for dei nye 5-årige lærarutdanningane som startar opp i 2017, eller avdelinga sitt masterstudium i læring og undervisning.

Det er ønskjeleg at ein ved søknad til denne stillinga legg ved ei prosjektskisse (inntil 10 sider, inkludert framdriftsplan). Det er ønskjeleg med eit prosjekt som baserer seg på eit forskingsdesign som vektlegg kvantitative metodar, og er konsentrert om elevar på mellomtrinnet eller ungdomstrinnet, men andre forskingsdesign er og aktuelle. Arbeidsstad er Sogndal.

Kvalifikasjonar
Du som søkjar må ha mastergrad/hovudfag eller tilsvarande utdanning innanfor det aktuelle fagområdet. Det vert lagt vekt på søkaren sitt potensial for forsking slik dette går fram av vedlagt masteroppgåve og eventuelle andre vedlagte vitskaplege arbeid, i tillegg til søkaren sine faglege og personlege føresetnadar for å gjennomføre eit slikt forskingsprosjekt. Søkar må ha gode kunnskapar i norsk eller anna skandinavisk språk, både munnleg og skriftleg. Det er ein fordel med undervisnings- og/eller formidlingserfaring. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju, og eventuelt ei prøveforelesing.

Opptak til doktorgradsprogram er eit vilkår for å ta til i stilling som stipendiat. For stipendiatstillinga er det ein føresetnad at ein søkjer opptak ved doktorgradsprogrammet Studier av danning og didaktiske praksiser ved Høgskulen i Bergen. Plan for forskarutdanning skal vere godkjent og avtalefesta seinast tre månader etter oppstart i stillinga. Hovudrettleiar vert tildelt av doktorgradsgivande institusjon, medan medrettleiar har arbeidsstad ved HiSF.

Tilsetjingsvilkår
Åremålsperioden for stipendiatstillinga vil vere fire år, der 25 % av stillinga vere knytt til undervisnings- og utviklingsarbeid ved Avdeling for lærarutdanning og idrett.

Stillingane er lønna etter statens lønsregulativ som stipendiat, frå kr. 435 100,-, etter kvalifikasjonar. Høgskulen har tenestepensjon. Det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse. Staten legg vekt på at arbeidsstyrken skal spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få mest mogleg jamvekt mellom kjønn, rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne. Arbeidsspråket er norsk. Tilsetjinga skjer på dei vilkår som følgjer av Lov om statens tenestemenn og det reglementet som til ei kvar tid gjeld for høgskulen. Høgskulen i Sogn og Fjordane er ei IA-bedrift.

Meir informasjon får du hos førsteamanuensis Frode Olav Haara, frode.olav.haara@hisf.no tlf: 57 67 60 78 eller dekan Wiggo Hustad, wiggo.hustad@hisf.no tlf: 971 98 787.

Søknad med CV, attestar og vitnemål skal sendast elektronisk via «Søk denne stillinga» på denne sida. Søknaden skal gje eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis og ha ei liste over vitskaplege arbeid (inntil 5 stk.) (dersom eit eller fleire arbeid som vert sendt inn er produkt av samproduksjon, må søkar gjere greie for kva rolle ho/han har hatt i prosessen . Elektronisk søknad med vedlagde attestar og vitnemål kan bli sendt vidare til ein sakkunnig kommisjon for vurdering. Det er difor viktig at all dokumentasjon kjem med i søknaden. Sentrale vitskaplege arbeid som bør med i vurderinga skal også lastast opp som vedlegg til søknaden.

Gje opp to referansar, ein frå siste arbeidsgjevar.

Om arbeidsgiveren

Høgskulen i Sogn og Fjordane med sine om lag 3800 studentar og 330 tilsette kan tilby eit spennande fagmiljø innanfor utdanning og forsking. Høgskulen har studietilbod i Sogndal og Førde, og tilbyr utdanningar innan helse- og sosialfag, idrett, økonomisk-administrative fag, ingeniør- og naturfag, lærarutdanning og samfunnsfag. Frå 01.01.2017 blir vi en del av Høgskulen på vestlandet.

Avdeling for lærarutdanning og idrett har om lag 900 studentar, 90 fagstillingar og åtte administrative stillingar. Avdelinga består av institutt for grunnskulelærarutdanning, institutt for barnehagelærarutdanning og institutt for idrett.

Sektor
Offentlig
Sted
6856 Sogndal
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor,
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

Matematikk, Didaktikk, Høgskule, Læring

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Frode Olav Haara
Stillingstittel
Førsteamanuensis
Telefon
57 67 60 78
Kontaktperson
Wiggo Hustad
Stillingstittel
Dekan
Telefon
97 19 87 87
Følg firma
1 følger dette firmaet

6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 82392109
Sist endret 12. sep. 2016 10:49

Rapporter annonse