Utløpt

Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i matematikk

Arbeidsgiver
Høgskulen i Sogn og Fjordane
Stillingstittel
Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i matematikk
Frist
23.10.2016
Ansettelsesform
Fast

Avdeling for lærarutdanning og idrett har ledig to faste 100%-stillingar som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i lærarutdanningane frå 01.08.2017. Eventuelt tidlegare oppstart kan drøftast. Det er òg ledig eit årsvikariat for snarleg tilsettingStillinga kan forlengast. Arbeidsstad er Sogndal.

Arbeids og ansvarsområde
Arbeidsoppgåvene for stillinga er knytte til undervisningsoppgåver i matematikk ved grunnskule- og barnehagelærarutdanninga, mastergradstudiet og vidareutdanningar. Fagmiljøet er tungt involvert i nettbaserte vidareutdanningar for lærarar, og delar av stillinga vert innretta mot denne aktiviteten. Fagmiljøet er og ein ressurs for andre miljø på pedagogisk bruk av IKT, som til dømes bruk av Adobe Connect, digitale tavler og omvendt undervisning. Delar av stillingane kan bli innretta mot dette.

Forsking og utviklingsarbeid på problemstillingar med relevans til faget ligg også til stillinga, og søkjaren bør skissere aktuelle forskingstema i søknaden. Den tilsette vil bli knytt til forskingsprogrammet for læringsforsking.

Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må minimum ha mastergrad/hovudfag i matematikk eller tilgrensande fagområde. Det er ønskjeleg med doktorgrad eller tilsvarande kompetanse. Ved tilsetjing blir det lagt vekt på formell kompetanse, kunnskap innan ikt og relevant undervisningserfaring frå høgare utdanning og då spesielt lærarutdanning, norsk skule eller barnehage, samt erfaring med nettbasert undervisning. Det er ønskjeleg med forskingserfaring og eit breitt fagleg engasjement.

Den tilsette må kunne rettleie studentar i skriftlege arbeid, og må rekne med ansvar for koordinering av studentgrupper. Den tilsette må kunne rettleie i bruk av IKT i faget. Stillinga krev gode samarbeidsevner og evne til å samarbeide med andre fag og eksterne partar. Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar som fleksibilitet, evne til å ta initiativ, og engasjement.

For tilsetjing som førsteamanuensis er krava norsk doktorgrad eller vitskapleg kompetanse på tilsvarande nivå. For tilsetjing som førstelektor er krava kvalifikasjonar som samla er på nivå med førsteamanuensis, men vurderinga byggjer på eit breiare grunnlag. For tilsetjing som høgskulelektor er krava eksamen av høgare grad frå universitet eller høgskule.

Det vert krevd relevant pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing. Tilsette utan formell pedagogisk utdanning og som ikkje kan dokumentere tilsvarande kvalifikasjonar, vil kunne bli pålagt å gjennomføre kurs i pedagogikk.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju med prøveførelesing.

Tilsetjingsvilkår
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ for førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor etter ansiennitet og kompetanse. Høgskulen har godtenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse. Tilsetjing skjer på dei vilkår som følgjer av Lov om statens tenestemenn og dei reglement som til ei kvar tid gjeld i høgskulen.

Den statlege arbeidsstyrken skal spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn. Høgskulen i Sogn og Fjordane er ei IA bedrift. Arbeidsspråket er norsk.

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysingar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv ber om det. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.

Meir informasjon får du hos instituttleiar Osvald Lykkebø, osvald.lykkebo@hisf.no, tlf. 57 67 60 17, eller faggruppeleiar i matematikk Anne Norstein, anne.norstein@hisf.no, tlf. 57 67 60 73.

Søknad med CV, attestar og vitnemål skal sendast elektronisk via «Søk denne stillinga» på denne sida. Søknaden skal gje eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis og ha ei liste over vitskaplege arbeid (inntil 5 stk.). Dersom eit eller fleire arbeid som vert sendt inn er produkt av samproduksjon, må søkar gjere greie for kva rolle ho/han har hatt i prosessen.

Elektronisk søknad med vedlagde attestar og vitnemål kan bli sendt vidare til ein sakkunnig kommisjon for vurdering. Det er difor viktig at all dokumentasjon kjem med i søknaden. Sentrale vitskaplege arbeid som bør med i vurderinga skal også lastast opp som vedlegg til søknaden.

Vi ber om at det i søknaden vert oppgitt to referansar der ein er frå siste arbeidsgjevar.

Om arbeidsgiveren

Høgskulen i Sogn og Fjordane med sine om lag 3800 studentar og 330 tilsette kan tilby eit spennande fagmiljø innanfor utdanning og forsking. Høgskulen har studietilbod i Sogndal og Førde, og tilbyr utdanningar innan helse- og sosialfag, idrett, økonomisk-administrative fag, ingeniør- og naturfag, lærarutdanning og samfunnsfag. Frå 01.01.2017 blir vi en del av Høgskulen på vestlandet.

Avdeling for lærarutdanning og idrett har om lag 900 studentar og 100 tilsette. Avdelinga består av institutt for grunnskulelærarutdanning, institutt for barnehagelærarutdanning og institutt for idrett. Satsingsområda våre på forsking og utviklingsarbeid er læringsforsking og idrettsforsking. Vi har klare ambisjonar om vidareutvikle oss og vekse innanfor oppdragsverksemd, og satsar mykje på fagleg oppbygging til doktorgrad og førstelektor.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
6856 Sogndal
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor,
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

matematikk, IKT, pedagogikk, undervisning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Osvald Lykkebø
Stillingstittel
Instituttleiar
Telefon
57 67 60 17
Kontaktperson
Anne Norstein
Stillingstittel
Faggruppeleiar i matematikk
Telefon
57 67 60 73
Følg firma
1 følger dette firmaet

6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 83390959
Sist endret 29. sep. 2016 15:09

Rapporter annonse