Utløpt

Volvo 145

B20

Modellår
1970
Kilometer
230 000 km
Girkasse
Manuell
Drivstoff
Bensin

Beskrivelse

Importert frå Sverige i 2002, gått i Troms etter det. Eg kjøpte bilen i februar 2016 når eg var i militeret i Nord-Norge, for å bruka han det året eg var der. Bilen har fungert fint den tida eg har hatt den, det har ikkje vore mange problem.
Då eg var ferdig i militeret i desember 2016 kjørte eg bilen heim, nesten 190 mil som gjekk veldig fint. Etter dette har eg brukt bilen til pendling til Bergen, 6-7 mil kvar veg, det har gått veldig fint. Han startar alltid lett og har ikkje problem med å følga dagens trafikk.

Historien til bilen før han blei importert til Norge kjenner eg ikkje so godt til, anna enn at den har gått i Sverige, truleg ganske longt nord og har blitt omlakkert der ein gong i tida. Det er eit eller anna som ikkje har gått heilt bra då, so lakken er dårleg. Rustflekkar mange plassar, men ikkje mykje gjennomrusting. Ny lakk er nødvendig for å få bilen fin. Det er ingen ting som tydar på at bilen har blitt herja med, og bilen er heilt original. Eg og har vore snill med bilen og prøvd å ta vare på han. Har vaska bilen minst 1 gong i veka når det har vore salt på vegane.

Ting som er blitt gjort:


Ny klutsj for 4 år sidan i forbindelse med girkassebytte (pga ødelagt lager etter ein oljelekkasje) ifølge forrige eigar.

Hovedsylinderen var ganske ny når eg kjøpte bilen.

Hjullager framme og litt andre ting har blitt skifta for nokre år sidan

Hjelpesnekkeforing og høgre styrestag skifta av meg i sommar/haust 2016

Skifta toppdekselpakning og justert ventilane i haust.

Ny brytar til vindusviskarane kjøpt for ca 300 kr på volvoforhandlar i sommar

Nye pluggledningar

Skifta olje og filter i oktober

Nytt luftfilter

Tekniske ting som ikkje er heilt bra:


Lekkasje i vannpumpa, må etterfyllast av og til, eg har kjøpt ny, skal prøva å få skifta, ellers følger den med.

Kupevifta går tregt, truleg dårlege lager som må skiftast. Vifta må ikkje brukast før dette er fiksa, men det kjem luft inn når bilen er i fart so det går fint.

Lekkasje i kran til varmeapparatet, sånn at det kjem vatn inn på golvet i bilen. Har kobla slangane utanom denne.

Spylarpumpa bak virkar ikkje

Varmetrådane i bakruta virkar ikkje.

Litt oljesvetting frå motoren, men gjekk gjennom EU-kontrollen.


Dekk:


Vinterdekk på originale stålfelgar. Det er gamle dekk, frå 1996 men det er bra mønster og bra med piggar. Eg har kjørt fleire tusen km med dei på alt slags føre og det går heilt fint. Dei er ikkje veldig harde, har sikkert blitt lagra på ein bra måte.

Sommardekka er og på originale stålfelgar. Dei er ikkje fullt so gamle men ganske sletne og det er ei ganske djup sprikka i sida på det eine av dei, so det må kjøpast minst to nye, helst alle 4.
Det følger med originale kapslar.

Karosseri/rust:

Berre nåken få små bulkar på bilen. Det viser ikkje so godt sidan lakken er so matt.

Rustflekkar over alt på karosseriet, dårleg lakk men det er ikkje mange plassar det er rusta hol. Dei plassane det er grov rust som eg veit om er: Eit lite hol i nedre hjørne framme på høgre framdør, høgre hjulbue bak har litt grov rust, inni kanten, ikkje veldig synleg. Reservehjulsbrunnane bak har blitt lappa litt på ein gong i tida, ser heile og greie ut, men er nok laga av litt andre materiale enn stål. Eg har berre latt dei vera sånn, men skal bilen bli strøken burde det sikkert sveisast litt.
Det er eit lite område i golvet attmed jekkfestet venstre framme med ganske grov rust, mulig gjennomrusta.
I området der girkassetraversen er festa på venstre sida er det ein del rust i den stålbjelken, der må det nok sveisast inn ein ny del. Det er heller ikkje ein veldig stor eller komplisert jobb men det er ein fordel å veta kva ein driv med.
Bakluka er overraskande bra.
Det er bilde av rustskadane.

Interiøret i bilen er ganske greit. Ingen røykelukt, gummi"teppet" på golvet er litt sprikker i. Golvmattene er originale og heile og fine, greie sete bortsett frå det hjørnet på seteryggane som er mot vinduet, som har blitt steikt av sola.

Utstyr:
Gode Bosch ekstralys sto på bilen når eg kjøpte den og følger i utgangspunktet med, men dersom kjøpar ikkje er intressert i dei kan eg skru dei av og slå av ein tusenlapp på prisen. Har deksel til dei og.

Dei gule kjørelysa er det eg som har montert. Det er gjort på ein sånn måte at ingen inngrep var nødvendig (det var bora hol i støtfangaren frå før, har sikkert vore liknande lys der tidlegare). Desse kan du få med viss du har lyst og ikkje prutar alt for mykje.

Eg har ei stor takgrind av aluminium som egentlig er til 240. Den høyrer ikkje til denne bilen, men passar og kan fåast med for ein 1000-lapp ekstra. Sjå eiga annonse på den på Finn Torget, eller bilde av den på bilen i denne annonsa

Bilen gjekk som sagt rett gjennom EU-kontrollen i desember og er i dagleg bruk. Gode lys.

Eg håpar at denne bilen kjem i gode hender hos nåken som vil ta vare på den og bruka han i sommarhalvåret, det er i alle fall ein alt for bra bil til å bli kjørt eller skrudd i hel. No har bilen sett sånn ut som den gjer i 47 år og då blir det for domt å forandra på det no, etter mi meining.


Det som er veldig kjekt med denne bilen er at det er både ein skjeldan veteranbil, og ein driftsikker og kjempepraktisk bil som det går an å bruka til det einmåtte ønska. Bensinforbruket ligg på ca 0,88 på blandakjøring.

Eg kan visa bilen i Bergen etter arbeidstid. Viss du vil ta kontakt på telefon, gjer det mellom klokka 15.30 og 23.00

Oppdatering 13/02-17: Bilde av takfrinda er lagt til. Km-standen er no passert 235000.

Dersom annonseselgarar er intressert i å kjøpa bilen er det berre å ringa, men eg er dessverre ikkje intressert i å kjøpa annonser.

Spesifikasjoner

Omregistrering
Fritatt (avgifter)
Årsavgift
Les mer
1. gang registrert
18.12.2002
Farge
Blå
Fargebeskrivelse
Mørkeblå, treng ny lakk
Interiørfarge
Blå
Hjuldrift
Bakhjulsdrift
Effekt
82 Hk
Sylindervolum
2 l
Vekt
1 250 kg
Antall seter
5
Karosseri
Stasjonsvogn
Antall dører
5
Antall eiere
2
Bilen står i
Norge
Salgsform
Bruktbil til salgs
Avgiftsklasse
Personbil
Reg.nr.
X014570

Utstyr

  • Forvarmer motor
  • Hengerfeste, fast krok
  • Sommerhjul
  • Vinterhjul

Reklamasjonsrett ved kjøp fra privatperson

Normalt gjelder 2 års reklamasjonsfrist mot skjulte feil og mangler. Reklamasjonsretten brukes hvis produktet er i dårligere stand enn det du hadde grunn til å forvente, basert på informasjon du har fått fra selger. Vær oppmerksom på at begge parter kan fraskrive seg reklamasjonsretten dersom dette er tydelig spesifisert i en kjøpekontrakt.

Les mer om reklamasjonsrett på FINNs hjelpesenter.

5642 Holmefjord Logg inn Logg inn for å se hele adressen
Kart
Du må være logget inn for å se profilen

Nyttige lenker

Sjekk tid for neste EU-kontroll

Sjekk heftelser på X014570

Få tilbud på lån for denne bilen

Annonseinformasjon

FINN-kode 89516466
Sist endret 3. apr. 2017 20:25

Rapporter annonse

Annonsen kan være mangelfull. Fullstendig salgsinformasjon og opplysninger iht. opplysningsplikt kan fås direkte fra selger.