Utløpt

Ledige lærarstillingar i grunnskulen i Kvam frå 01.08.2017

Arbeidsgiver
Kvam herad
Stillingstittel
Ledige lærarstillingar i grunnskulen i Kvam frå 01.08.2017
Frist
9. april 2017
Ansettelsesform
Vikariat

 

 

Ledige lærarstillingar i grunnskulen  i Kvam frå 01.08.2017

Sak. 17/439

I Kvam herad vert det ledige vikariat som lærarar. Me søkjer godkjende lærarar som kan vera med å utvikla grunnskulen i Kvam. Me har størst behov for allmennlærarar. Heradet sin visjon for skulen er ”ein god stad å vera er ein god stad å læra”.

Skulane har desse satsingsområda:
• vurdering for læring
• tidleg innsats
• læringsmiljø og pedagogisk analyse

Heradet har 6 skular og eit elevtal på om lag 1000. For skuleåret 2017/2018 har desse skulane behov for godkjende lærarar: Tørvikbygd skule, Øystese barneskule, Strandebarm skule, Kvam ungdomsskule, Ålvik skule, Norheimsund skule og Vaksenopplæringa. I tillegg til kontaktlærarar er det mellom anna behov for fagkompetanse i matematikk, spesialpedagogikk, engelsk, tysk, spansk, mat og helse, norsk, særskilt norskopplæring og kroppsøving.

Dersom du har eit ynskje om å jobba med elevar med ulike utfordringar i skulekvardagen, ber me om at du spesifiserer dette i søknaden. Har du særskilde ynskje om skule, ber me om at det også vert prioritert i søknaden. Nyutdanna lærarar får rettleiing dei to første åra.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
For undervisningsstilling er det krav om godkjent lærarutdanning ihht. Forskrift til opplæringslova Kap. 14. 

I Kvam herad legg me vekt på at tilsette er:
• Serviceinnstilt og imøtekomande
• Tek ansvar og er profesjonelle
• Samarbeider med andre
• Deler kompetanse og er nytenkjande

*Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest av ny dato. Denne skal ikkje leverast med søknaden.

Kvam herad kan tilby:
Løn etter gjeldande tariffavtalar og lokalt lønssystem
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar

Kontaktpersonar:
Strandebarm skule, rektor Inga Lill Jensen Tolo - 56 55 68  71/ 951 19 865
Tørvikbygd skule, rektor Per Røberg - 56 55 68 53/ 950 34 133
Norheimsund skule, rektor Svein Sekse – 56 55 77 01 / 996 00 880
Kvam ungdomsskule, rektor Frode Sandven - 56 55 69 21/ 478 16 900
Øystese barneskule, rektor Grete Iversen - 56 55 68 21/ 416 30 150
Ålvik skule, rektor Ester Hauger -  56 55 68 31/ 906 41 401
Vaksenopplæringa, rektor Kjell Arne Gjøn – 56 55 68 90/ 918 15 847
Eller oppvekstsjef Astrid-Anett Steine – 56 55 31 50/ 994 28 606

Meir informasjon om skulane våre finn du på : www.kvam.no/skule

Velkomen som søkjar til interessant jobb i godt arbeidsmiljø!

Søknadsfrist: 9. april 2017

Alle søknadar skal sendast via vårt digitale søknadssenter.
Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.

 

Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Om arbeidsgiveren

Kvam herad med 8500 innbyggjarar og om lag 1000 tilsette er den største av Hardangerkommunane og ligg om lag 1 times køyring frå Bergen. Me har eit godt utbygd skuletilbod med mellom anna tre vidaregåande skular og eit stort og mangfaldig nærings-, kultur og organisasjonsliv.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
GROVAGJELET 16, 5600 Norheimsund
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Nøkkelord

allmennlærar, læringsmiljø, pedagogisk-analyse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Astrid-Anett Steine
Stillingstittel
Oppvekstsjef
Telefon
99 42 86 06
Følg firma
50 følger dette firmaet

GROVAGJELET 16, 5600 Norheimsund

Annonseinformasjon

FINN-kode 92975969
Sist endret 22. mar. 2017 14:48

Rapporter annonse