Utløpt

Ledige barnehagelærarstillingar i Kvam herad frå 01.08.2017

Arbeidsgiver
Kvam herad
Stillingstittel
Ledige barnehagelærarstillingar i Kvam herad frå 01.08.2017
Frist
9. april 2017
Ansettelsesform
Fast

 

Sak. 17/452

I Kvam herad er det frå hausten 2017 fem kommunale barnehagar. Barnehagane er lokalisert i heile kommunen, og med variasjon både i utforming og organisering. Alle barnehagane er i nye eller renoverte bygg.
Me har varierande størrelsar på barnehagane, frå dei små på 1-2 avdelingar, til dei store med 6-11 avdelingar. I alle barnehagane står utvikling og kvalitet i fokus. Dei vaksne i barnehagen er den viktigaste reiskapen for å få god kvalitet på barna sitt tilbod. Me arbeider for kontinuerleg kompetanseutvikling .

Felles visjon for barnehagane i Kvam: «Me skapar gode barndomsminne og livsglede»

Me søkjer barnehagelærarar som kan vera med å utvikla barnehagane våre. Me har eit godt fagmiljø og er oppteken av danning, læring og trivsel.

Dersom du har eit ynskje om å jobba med barn med ulike utfordringar i kvardagen, ber me om at du spesifiserer dette i søknaden. Har du særskilde ynskje om barnehage, ber me om at det også vert prioritert i søknaden. Nyutdanna barnehagelærarar får rettleiing dei to første åra.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Høgskuleutdanning som barnehagelærar.

I Kvam herad legg me vekt på at tilsette er:
• Serviceinnstilt og imøtekomande
• Tek ansvar og er profesjonelle
• Samarbeider med andre
• Deler kompetanse og er nytenkjande
*Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest av ny dato. Denne skal ikkje leverast med søknaden.

Kvam herad kan tilby:
Løn etter gjeldande tariffavtalar og lokalt lønssystem
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar

Kontaktpersonar:
Strandebarm barnehage – styrar Marit Linga – 56 55 68 60
Tørvikbygd barnehage – styrar Ann-Kristin S. Bråten – 56 55 68 03
Norheimsund barnehage – styrar Egil Rasch-Halvorsen – 56 55 68 46
Øystese barnehage – styrar Trude Femsteinevik - 56 55 34 70/948 21 430
Ålvik barnehage – styrar Hanne Jørgensen – 56 55 68 00
Eller oppvekstsjef Astrid-Anett Steine – 56 55 31 50/ 994 28 606

Meir informasjon om barnehagane våre finn du på : www.kvam.no/barnehage

Velkomen som søkjar til interessant jobb i godt arbeidsmiljø!

Søknadsfrist: 9. april 2017

Alle søknadar skal sendast via vårt digitale søknadssenter.
Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.

 

Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

 

Om arbeidsgiveren

Kvam herad med 8500 innbyggjarar og om lag 1000 tilsette er den største av Hardangerkommunane og ligg om lag 1 times køyring frå Bergen. Me har eit godt utbygd skuletilbod med mellom anna tre vidaregåande skular og eit stort og mangfaldig nærings-, kultur og organisasjonsliv.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
GROVAGJELET 16, 5600 Norheimsund
Bransje
Annet
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer

Nøkkelord

Barnehagelærar, læring, trivsel, danning, utfordringar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Astrid-Anett Steine
Stillingstittel
Oppvekstsjef
Telefon
99 42 86 06
Følg firma
50 følger dette firmaet

GROVAGJELET 16, 5600 Norheimsund

Annonseinformasjon

FINN-kode 92978037
Sist endret 22. mar. 2017 15:03

Rapporter annonse