Utløpt

Stabsdirektør (økonomidirektør) i Bufetat, region vest

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Stabsdirektør - fast 100 %
Frist
23.01.2017
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet)

Ved regionkontoret i Bergen er det ledig ei fast 100 % stilling som stabsdirektør (økonomidirektør). Økonomidelen og verksemdsstyring er vektlagt, sidan dette fagområdet er ein hovuddel i det daglege arbeidet til stabsdirektøren.

 

Arbeidsoppgåver/ansvarsområder

  • Stabsdirektøren har ansvaret på vegne av regiondirektøren for dei administrative og faglege støttefunksjonane. Det er eit særskilt ansvar for den økonomiske planlegginga og oppfølginga av organisasjonen på verksemdnivå.

  • Stillinga vil ha ansvar for seksjon for verksemdsstyring, seksjon for fagleg støtte, HR-seksjonen og kontorfagleg eining. I tillegg ligg det nokre oppgåver innanfor overordna innkjøp, eigedom og intern drift, sjølv om det finns sentrale interne einingar som gjer mykje av dette arbeidet på vegne av regionen.

  • Stabsdirektøren har det overordna leiaransvaret for medarbeidarane på regionkontoret, samt ansvar for å analysere, evaluere og beslutte innanfor sine fagområde.

  • Stabsdirektør rapporterer direkte til regiondirektør og inngår i leiargruppa.

  • Stabsdirektør har ansvar for å sjå til at faglege og administrative støttefunksjoner vert utøva i samsvar med nasjonale og regionale føringar.

  • Stabsdirektør skal sikre at regiondirektør får nødvendig informasjon om verksemdkritiske utfordringar og annan styringsinformasjon.

  • Skape gode prosessar samt leie, motivere og utvikle medarbeidarar.

  • Delta aktivt i den regionale leiargruppa på det strategiske plan og bidra til å finne dei gode løysingane.

Kvalifikasjonar

  • Det krevjast relevant høgare utdanning frå universitet-/høgskule t.d. som siviløkonom, samfunnsøkonom e.l..

  • Det er ynskeleg med tilleggsutdanning i administrasjon/leiing om dette ikkje er ein del av hovudutdanninga.

  • Det krevjast solid økonomifag- og leiarerfaring.

  • Svært god kunnskap om økonomi- og verksemdsstyring, samt budsjett og regnskapskompetanse.

  • God innsikt i offentleg forvaltning er eit føremun, særleg med omsyn til statlege plan- og økonomiprosessar.

  • Det krevjast generell metodisk og praktisk kunnskap om personalleiing samt evne til å leie, motivere og utvikle medarbeidarar.

  • Stillingsinnehavar må kunne anvende/forholda seg til relevante lover, regler og retningslinjer.

  • Stillingsinnehavar må kunne nytta relevante fag- og administrative IKT-system på ein effektiv måte.

  • Det krevjast svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert, effektiv og handlekraftig med god gjennomføringsevne.

  • Du er løysings- og resultatorientert, og kan handtere utfordrande situasjonar.

  • Du er fleksibel, omgjengeleg og tydeleg, med gode mellommenneskelege evner.

  • Du har gode analytiske evner, samt evne til å tenke heilskap og tverrfagleg.

  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

  • Du har stor arbeidskapasitet.

  • Du har høg truverdigheit og integritet.

  • Du er dyktig til å motivere, delegere og utvikle gode samarbeidskulturar (nettverk).

  • Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Stillinga er fast og 100 %. Den er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1060 avdelingsdirektør, p.t. kr 830 100-963 700 pr. år. Lønn vert vurdert etter utdanning og erfaring. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdera høgare lønn.

  • Fleksibel arbeidstid.

  • Eit godt arbeidsmiljø preget av humor og fellesskap.

  • Å få jobbe innanfor eit av de mest meiningsfulle områda i samfunnet (barne- og familievern).

  • Gode seniorordningar frå 62 år.

  • Arbeidsstad er sentralt i Bergen sentrum ( Gågaten /Strandgaten). Stillinga inneber ikkje mykje reising, bl.a. fordi etaten har godt utbygd videokonferanseutstyr i samlege tenesteområda.

  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Generelle opplysningar

  • Staten legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkja - uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Bufetat har som eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttera personar med fleirkulturell bakgrunn.
  • Bufetat er ei IA (Inkluderande Arbeidsliv) verksemd.

Kontaktperson for stillinga (også uforpliktande kontakt)

Regiondirektør Øistein Søvik, tlf. 94861333 (e-post: oistein.sovik@bufetat.no )

Søknad med CV vert å senda elektronisk via lenkje på denne sida.

Vitnemål og attestar skal takast med i samband med evt. intervju seinare i prosessen.

 

Søknadsfrist: 23. januar 2017

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regioner har som hovedoppgave å drive etatens institusjoner og familievernkontor. I tillegg har regionene ansvar for fosterhjemsrekruttering og oppgaver knyttet til adopsjon. Barn, unge og deres familie skal få riktig hjelp til rett tid uansett hvor de bor i Norge. Bufetat sine fem regioner og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagt Barne- og likestillingsdepartementet.


Bufetat region vest dekkjer fylka Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Regionkontoret ligg i Bergen. Regionen har ca.1.100 tilsette og 17 einingar. Regionleiinga består av regiondirektør, 2 avdelingsdirektørar med særskilt ansvar for oppfølging av dei einskilde tenesteeiningane, 1 stabsdirektør og 1 kommunikasjonsdirektør.


Stabsdirektør har ansvar for staben på regionkontoret, som består av seksjon for HR, seksjon for fagleg støtte, seksjon for verksemdstyring og kontorfagleg eining. Stabsseksjonane har, med unntak av verksemdstyring, eigne seksjonsleiarar.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Strandgaten 59, 5004 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Økonomi og regnskap,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
Følg firma
1668 følger dette firmaet

Strandgaten 59, 5004 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 89257785
Sist endret 18. jan. 2017 09:28

Rapporter annonse