Utløpt

Kommunalsjef/einingsleiar, helse- og omsorg

Arbeidsgiver
Ulvik herad
Stillingstittel
Kommunalsjef/einingsleiar
Frist
11.04.2017
Ansettelsesform
Fast

Utfordrande leiarstilling i Ulvik herad
Stilling som kommunalsjef/einingsleiar for helse og omsorg er ledig frå 1.9.2017, eller etter avtale. Stillinga inngår i rådmannen si leiargruppe, med eit samla ansvar for tenestene innafor helse og omsorg. Dette omfattar  pleie- og omsorgstenester,  legetenester/helsestasjon, psykiatri og andre brukarretta tenester etter helse- og omsorgstenestelova. Einingsleiar har det samla ansvaret for økonomi og personale innan helse- og omsorg.  Også andre oppgåver kan bli lagt til stillinga etter avtale med rådmannen. Ulvik herad står framfor bygging av ny sjukeheim. Kommunalsjef/einingsleiar vil vera sentral i å realisera dette prosjektet.

Kompetansekrav
Til stillinga ynskjer me ein person med relevant universitets- eller høgskuleutdanning. Me ser etter ein person som har erfaring i å utvikle og leie arbeidet med kommunen sine helse- og omsorgstenester, og som kan vere pådrivar for samarbeid på tvers av tenestene. Vår framtidige kommunalsjef/einingsleiar er god til å lytte, og har samtidig evne til å ta avgjerder. Me ynskjer ein person som er utviklingsorientert, tydeleg, og som kan ha eit overordna blikk i organisasjonen.

Me søkjer ein leiar som
-er løysingsorientert og har gode samarbeidsevner
-har ein tillitsvekkande og engasjerande leiarstil
-kan skape tydeleg og nær kommunikasjon med sine leiarar
-har evne til samhandling med og forståing for politiske styringsorgan
-kan setje klare mål og realiserer dei

Me kan tilby
-utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
-ein kommunal organisasjon som er i endring og utvikling
-løn etter avtale

For stillinga gjeld:
Vanlege kommunale tariffvilkår. Det vert teke atterhald om framtidige organisatoriske endringar.Krav om politiattest i tråd med gjeldande lovverk. Informasjon om stillingane: konstituert rådmann Reidar Meel tlf. 40007177.

Søknad kan/bør fyllast ut elektronisk på https://www.ulvik.kommune.no/sjolvbetening/, Saksnr. 17/65 og/eller  sendes til: Ulvik herad , v/Reidar Meel, Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik eller post@ulvik.kommune.no

Om arbeidsgiveren

Velkommen til perla i Hardanger!

Ulvik ligg innerst i Hardanger mellom høge, snødekte fjell, innerst i kanten av Hardangerfjorden. Her finn du Noreg si eineste frukt- og siderrute med tre sjølvstendige gardsbedrifter som tilbyr både eigenprodusert eplesider og andre velsmakande gardsprodukt. Bygda byr på fleire overnattings- og spisestader og fleire ulike aktivitetar for store og små. Stå på vannski på fjorden, kikk innom Ulvikatorget med eit stort utval av lokalproduserte varer eller ta deg ei lyrisk vandring i det nyopna Olav H. Hauge-senteret eller diktarheimen på Rossvoll. Det er fleire godt merka turstiar rundt om i området og moglegheiter for å utforske fjorden med både båt og kajakk.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Reidar Meel
Stillingstittel
konstituert rådmann
Telefon
40 00 71 77
Følg firma
283 følger dette firmaet

Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik

Annonseinformasjon

FINN-kode 92961414
Sist endret 13. apr. 2017 00:23

Rapporter annonse