Utløpt

Ei utfordrande og viktig leiarstilling, for deg som vil vere med å utvikle våre helse- og omsorgsten

Arbeidsgiver
Surnadal kommune
Stillingstittel
Einingsleiar Bu- og aktivitetstenesta
Frist
18.04.2017
Ansettelsesform
Fast
Bu- og aktivitetstenesta har 110 tilsette, og gir tilbod om m.a praktisk bistand og opplæring til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov. Vidare gir tenesta tilbod om avlastning til personar og familiar som har særleg tyngande omsorgsoppgåver.   Målet er å bidra med hjelp og rådgjeving slik at den enkelte opplever tryggleik og best mogleg livskvalitet.   Kommunen har bygd nytt aktivitetshus som vart tatt i bruk før jul i 2015, og som m.a. rommer aktivitetar for brukargruppa i Bu- og aktivitetstenesta. Einingsleiar er ein viktig bidragsytar i vidare utvikling av aktivitetar og av innhald i Sommerrotunet aktivitetshus.   Tenesta fokuserer mykje på fagleg utvikling, organisatorisk utvikling og kompetanseutvikling. Bu og aktivitetstenesta er i gang med fleire utviklingsprosessar som den nye einingsleiaren har ansvar for å vidareføre og utvikle samen med kompetente medarbeidarar.   Kommunen ønskjer ein einingsleiar som:  
  • Kan og vil leie og har faglege og administrative leiareigenskapar     
  • Kan setje klare mål for verksemda og utnytte dei samla ressursane effektivt
  • Har evne og vilje til samarbeid, kan rettleie og inspirere til utviklingsarbeid     
  • Har god økonomiforståing, er strukturert og ryddig     
  • Har relevant høgskuleutdanning, gjerne helse -og/eller sosialfagleg bakgrunn     
  • Har relevant leiarerfaring     
  • Er lojal til kommunen sine mål     
For stillinga gjeld:  Nærare opplysningar om stillinga kan du få hos rådmann Knut Haugen tlf.nr.91554069 og på epost knut.haugen@surnadal.kommune.no eller kommunalsjef Gunhild Eidsli, tlf.nr. 97174856 og på epost gunhild.eidsli@surnadal.kommune.no.   I rekrutteringsprosessen har vi bistand frå rekrutteringsfirmaet Headvisor. Du kan derfor også ta direkte kontakt med Torstein Sneisen for en uforpliktande og fortruleg samtale, tlf. 91888186 eller epost torstein.sneisen@headvisor.no for nærare opplysningar.   For stillinga gjeld vanlege kommunale tilsetjingsvilkår og løn etter avtale. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.   I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom ei slik oppmoding ikkje blir tatt til følgje, vil søkjaren bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. Søknadsfrist: 18.04.2017

Om arbeidsgiveren

Surnadal kommune ligg på Nordmøre i Møre og Romsdal. Administrasjonssentrumet heiter Skei.

Kommunen har ca 6000 innbyggjarar. Vi har eit variert næringsliv og eit godt utbygd skoletilbod. Kulturlivet er rikt og naturen er flott med Trollheimen, fjordar og lakseelver.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
BÅRDSHAUGVEGEN 1, 6650 Surnadal
Bransje
Offentlig administrasjon,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Nøkkelord

Samarbeidsevner, Økonomiforståing, Høgskuleutdanning, Strukturert, Kompetanseutvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Knut Haugen
Stillingstittel
Rådmann
Telefon
91 55 40 69
Kontaktperson
Torstein Sneisen
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
91 88 81 86
Følg firma
2316 følger dette firmaet

BÅRDSHAUGVEGEN 1, 6650 Surnadal

Annonseinformasjon

FINN-kode 92982986
Sist endret 20. apr. 2017 00:54

Rapporter annonse