Utløpt

Sjukepleiar/vernepleiar ved avd psykisk helse -og rusarbeid

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar ved avd psykisk helse -og rusarbeid
Frist
04.04.2017
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Me søkjer

Me har ledig ei 65% stilling ved Svertingstad bufellesskap for sjukepleiar/ vernepleiar. Stillinga er i turnus med arbeid natt og 3. kvar helg.

Om arbeidsplassen

Stillinga er ved Svertingstad bufellesskap, som er eit døgnbemanna ROP-tiltak for 5 personar med samtidig rusavhengighet og psykisk liding. Bufellesskapet starta opp i mai 2014. I tillegg til dei som bur i bufellesskapet, følgjer me opp andre i kommunen med tilsvarande problematikk.

Om arbeidsoppgåvene

Avdelinga gjer tenester til menneske med psykiske lidingar og rusmiddelavhenge. Me har pr. i dag ca. 30 årsverk og fem arbeidsområder:
 
-  Psykisk helsearbeid, dagtid 
-  Rusarbeid, dagtid
-  Kolheia bufellesskap, døgntenester
-  Svertingstad bufellesskap, døgntenester
-  Svendsenhuset, dagsenter

Kvalifikasjonar

Me søkjer ny medarbeidar med stå på vilje, fagleg tryggleik, fleksibilitet, humor og frustrasjonstoleranse. Ein bør ha god evne og interesse for utvikling av tenesta og evne til å bidra til samhandling og  tverretatleg samarbeid.
Fagleg kompetanse, fokus på holdningar og interesse/engasjement for brukargruppa er nødvendig.
Erfaring frå arbeid med ovannemnde brukargruppe vil bli vektlagt, samstundes vil det bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Me tilbyr

Eit godt arbeidsmiljø på ein spennande arbeidsplass i utvikling.
Stort fokus på fagleg utvikling, der den enkelte arbeidstakar får stor frihet til å kunne bruke sine faglege og personlege ressursar. Gode moglegheiter for fagleg utvikling.

Andre krav

Det krevs førerkort kl B samt politiattest.

Elektronisk søknadsprosess

Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering

 

Sektor
Offentlig
Sted
Svertingstad, 4340 Bryne
Bransje
Helse og omsorg,
Annet
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Sykepleier,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Astrid Orre
Stillingstittel
Verksemdleiar
Telefon
91 13 50 82
Følg firma
605 følger dette firmaet

Svertingstad, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 92911398
Sist endret 6. apr. 2017 01:02

Rapporter annonse