Utløpt

Erfaringskonsulent til prosjekt Livskvalitet

Arbeidsgiver
Os kommune
Stillingstittel
Erfaringskonsulent til prosjekt Livskvalitet
Frist
18.04.2017
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

 

Nyoppretta 50% stilling for erfaringskonsulent er ledig snarast.

Arbeidsstad
Eining Helsetenester ved Vartun Oppfølgingsteneste knytt til prosjekt Livskvalitet.

Stillinga er ei prosjektstilling for 1 år med høve for forlenging. Noko arbeidstid på kveldstid og i helgar må påreknast.

Arbeidsoppgåver
Erfaringskonsulenten vil delta i buoppfølging av bebuarar på Vartun og oppfølging av brukarar i aktivitetar, trening og lågtersket arbeidsoppdrag. I tillegg skal erfaringskonsulenten delta i å motivera brukarar i endringsprosessar, gje håp og vera til stades for andre tenestemottakarar. Prosjekt Livkvalitet samarbeidar og samhandlar også med øvrig hjelpeapparat. Erfaringskonsulenten skal delta i prosjektgruppa og bringa inn brukarperspektivet i utvikling av dei
kommunale rus- og psykiske helsetenestene.

Kvalifikasjonar
Vi ønsker oss ein erfaringskonsulent med:

- eigenerfaring som brukar av tenesteapparat innan rus og /eller psykisk helse

- avklart tilhøve til eigen sjukdom og/eller avhengighet- evnar å sjå problemstillingar utover det private
- evnar å formidla eigne reflekterte erfaringar og å bringa brukarperspektivet inn i høve til
brukaren, pårørande og tilsette
- god samarbeidsevne og åpen for å motta rettleiing
- evnar å etablere kontakt med nye personar og evnar å bygge gode relasjonar
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne                                                                            

Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Det er ønskeleg med MB-utdanning og at du er fortruleg med bruk av IT.

Politiattest vert innhenta av den som får tilbud om stillinga jmfr. Helse og omsorgstenestelova §5-4.
Det vert ikkje kravd plettfri vandelsattest, men eventuelle tidlegere straffbare forhold må vera avklarte, tilbakelagd i tid og
ferdig oppgjort.

Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Om arbeidsgiveren

Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.

Sektor
Privat
Sted
Industrivegen 8, 5210 Os
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier,
Omsorg og sosialt arbeid,
Annet

Nøkkelord

Brukererfaring, medarbeidar, rus, psykiatri

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eva-Mari Solberg
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
56 57 51 02
98 23 44 95
Kontaktperson
Arve Frostad
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
56 57 52 26
92 62 47 82
Følg firma
483 følger dette firmaet

Industrivegen 8, 5210 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 92972665
Sist endret 22. mar. 2017 14:32

Rapporter annonse